let the party begin

IMG_1474 copy

Dei siste vekene har eg ikkje høyrd på noko anna enn Roskilde-musikk. Det vil seie Tame Impala, Schoolboy Q, Miike Snow, PJ Harvey og Action Bronson. Fordi dei er nokre av dei få (!!!) eg skal sjå live på Roskilde-festivalen i Danmark neste veke. Skal overnatte i eit svett telt i sju døgn, noko som sikkert kjem til å bli eit helvete. Men samtidig kjem det til å bli ei oppleving for livet, og sjølvsagt gler eg meg aller mest. Musikkfestivalen har eg drøymd om lenge, men på grunn av sommarjobb og andre festivalar, har den ikkje vore prioritert før i år.

Blogging vert det lite av, men de kan følgje meg på Instagram ved å trykke her (link). Har de vore på Roskilde-festivalen før? Isåfall; har de nokre tips? Pakketips, til dømes.

the messy effect

Har de høyrd om #themessyeffect? Om du som les no er nysgjerrig, litt galen og kreativ, samt ynskjer forandring, bør du engasjere deg i nettopp denne emneknaggen; #themessyeffect. Sjå videoen under, og bli inspirert av to unge, inspirerande hjarter. It can make a change.

The Messy Heads er jentene bak #themessyeffect. Kva er eigentleg “eit messy head”? På bloggen deira (link) skildrar dei “eit messy head” som dette:

A messy head is one part Chanel and one part zephyr child. They wear whatever they feel, from winged eyeliner, to pearls, to tattered old Levis. They hop fences, sing too loudly, and love harder than anyone. They are the type that stay out late strumming guitar and looking at the stars, and wake up early to a cup of coffee.

Sjølv drøymer eg meg heilt vekk ved å lese skildringa over. Sjekk ut dei korte videoane under. The Messy Heads har nemleg reist rundt i Amerika og møtt målgruppa dei var ute etter; ungdom som vil forandre verda med sine unike stemmer, samt presentere deira uperfekte liv.

Det skal vere fem filmar, og ikkje berre fire. Men alt kan ikkje vere perfekt.

cheers to the freakin’ weekend

13313623_10154208270522481_343320605_o copy// Kristine Marie Gutterød

Det eg har av utstyr til bloggen no, er eit kamerastativ og ein datamaskin. Speilreflekskameraet og alle objektiva er solgt. Ikkje fordi studentbudsjettet er jævla stramt i juni (heilt ærleg; dette er éin av grunnen), men fordi hallo… eg tar bilete to gonger i halvåret. Kameraet mitt støver ned, med andre ord. Så, medan ein ny fotoentusiast har fått nytt kamerautstyr, har eg no råd til å drikke øl i sommar. Kor fint er ikkje det?

Hei, Olympus PEN Noreg. Håper de les dette, og kan sponse meg òg.
Med venleg helsing, Anette.

Heldigvis er ikkje iPhone-kameraet det verste alternativet å bruke til fotografering. Likevel er det kanskje ikkje heilt optimalt for ein blogg som vil ha eit godt fyrsteinntrykk. Difor håper eg at de lesarar kan leve med tolmod for ei lita stund (til eg har skaffa meg noko eg kan knipse med igjen).

the prism hat by lack of color

the prism hat by lack of color the prism hat by lack of colorThe Prism hat by Lack Of Color.

Denne hatten av det australske merket “Lack Of Color” er ein favoritt hjå meg. Modellen heiter “The Prism” og er verken for stor eller for liten. I tillegg er den svart, noko som gjer at den passer å bruke til omtrent alle antrekk. Den kan du finne her (link). Elsker at me er i ei årstid der ein kan kombinere hatt med ein sommarkjole – både lange og korte kjolar. Hatt gjer susen. Den kan sprite opp eit keisamt antrekk, samt beskytte hår og ansikt mot den sterke sola.

Då eg bestilte hatten i fjor sommar, hugser eg det var vanskeleg å bestemme seg for kva modell eg ville ha. Lack Of Color hadde så mange fine variantar i nettbutikken deira at eg blei sikkert sitjande og Internett-surfe i fleire timar. For å forstå kva eg snakker om, kan du sjekke ut nettstaden her (link).

a pearl in western norway

IMG_1380Her slurker eg i meg saft frå Lerum, i hagen der saft- og syltetøy-magien starta opp. På Sørheim.

IMG_1381Sørheim LusterSørheimLuster kommune

I helga var familien Sørheim på slektstreff i Luster kommune i Sogn. Der fekk me besøke staden eine bestefaren min vaks opp, nemleg på Sørheim. Det var litt av ei perle.

death before decaf

death before decaf

Death before decaf. På norsk betyr det at ein heller vil dø, enn å drikke koffeinfri kaffi. Eller at ein har eit behov for ordentleg, svart kaffi, og ikkje slike koppar som inneheld både melk, karamell og sjokolade.

Eg lærte meg å drikke kaffi for nesten tre år sidan. Då eg byrja å studere. Frå ein automat på daglegvarebutikken like ved høgskulen, fekk ein gratis kaffi. Kvar einaste dag. Det var haust, og for meg starta det med at eg måtte ha noko varmt å drikke – helst dei dagane eg hadde gløymd å ta med te-posar til meg sjølv. Ein kunne òg velje å tilsette melk, noko som var ein perfekt liten energireddar mellom førelesingane. Gjerne to-tre koppar.

Fyrste gongen eg reiste heim til mamma og pappa etter eg starta å studere, gjekk noko opp for meg. Etter fleire månadar med gratis kaffi frå ein rusten automat, fekk eg endeleg smake heimetrakta kaffi.

Plutseleg drakk eg kaffi fordi det var så himla godt.

No vil eg gjerne høyre din kaffi-historie. 

Volda-eventyret fekk ein lukkeleg slutt

I skrivande stund høyrer eg på musikkalbumet “Silent Treatment” av Highasakite. Det forbinder eg med dei tre åra eg har hatt i studiebygda Volda. Blant anna fordi musikken deira var det einaste eg høyrde på i ein periode, fordi eg førebudde meg til ein konsert dei skulle ha vårsemesteret 2014 på Rokken.

Når ein framleis har hæla i taket når sola står opp, og juleakevitten kjem til syne, veit ein at det er journalistikkstudentane som fester. Natt til laurdag var ein perfekt avslutning på Volda-eventyret. Munnleg eksamen var gjennomført, været var perfekt og alle dei framtidige journalistane var samla. Det var heilt fantastisk.

I løpet av desse tre åra i Volda har eg blitt kjend med folk som har betydd mykje for meg. Og ikkje minst blitt betre kjend med meg sjølv – men samtidig ikkje. Då eg reiste til bygda som nitten-åring, flytta eg frå mamma og pappa for fyrste gong, og inn i eit kollektiv med tre ukjende karar. Det var litt av ein overgang. “Fase to” kalla eg dette, og eg skreiv om dette i eit blogginnlegg som du kan lese her. Etter kvart lot eg meg møte nye utfordringar, som blant anna å flytte utanlands, skrive bacheloroppgåve og jobbe som journalist i NRK. For nokre lærerike år.

“Fase to” er over, og dette vert det siste blogginnlegget som eg postar innan kategorien “voldalife”.

Fase tre starter no.

 

don’t stop make it pop

IMG_9894

Woaaaaa, tida flyr av gårde! I helga var eg i konfirmasjon til veslebror, som plutseleg ikkje er så liten lenger. I dag har eg levert eksamen nummer to, noko som betyr at det berre er éin eksamen som gjenstår. Den føregår munnleg, noko som eg heilt ærleg synest er heilt pyton. To veker igjen. Kan ikkje gje opp no.

I skrivande stund høyrer det nye albumet til Kygo, som har fått ein miks av forskjellige tilbakemeldingar. Kva skjer med det liksom? Uansett. Denne vekas Skam-episode gjorde verkeleg eit inntrykk på meg. Fy søren, stakkars Noora. Nei, huff. Heldigvis er det ikkje slutten endå, fordi NRK bekrefta akkurat at det vert laga ny sesong av ungdomsserien. Nokre andre som ser på Skam? 

counting down

Graset har aldri vore grønare i år, og med det måtte eg ta ein selfie sjølvfie ute i hagen. Edelgrana er vel for så vidt grøn året rundt, men sidan eg ikkje vil leggje meg ned på bakken og få grønske på kleda, vart det heller slik. Håret mitt har fått lysare striper, og det måtte sjølvsagt dokumenterast.

Gler meg til tre veker har gått, fordi då er eg ferdig med alle eksamenar. Då skal eg feire skikkeleg og heller få litt grønske på kleda. Så skal eg heller unngå å gå til frisøren, men heller la sola bleike håret mitt.