recipe: banana smoothie bowl

Denne skåla har eg heilt dilla på for tida, og eg er blitt forelska i blendaren min på nytt. I dette blogginnlegget vil eg dele oppskrifta på banan-smoothiebowl, eller på norsk: banan-smoothieskål.

Banan-smoothiebowl
♥ 1 fryst banan (gjerne òg litt mango)
♥ 2 ss melk (eller soyamelk, mandelmelk, havremelk, kokosmelk)
♥ 1 scoop vaniljeprotein
♥ 2 ss sukrinmelis

Bland alle ingrediensane saman i ein blendar. Om du synes røra blir for tjukk eller for tynn, er det berre å tilsette meir av det tørre/våte – juster til du får ynskja resultat. Hell over smoothien i ei skål, og topp den med det du ynskjer. På biletet over har eg toppa den med chiafrø, mandlar, havregryn, frosne jordbær- og blåbær. Perfekt som frokost, lunsj eller dessert!

August 26, 2015
/
Previous Post Next Post

3 Comments

  • Reply susannevedvik

    Dette så kjempegodt ut 😀

    August 26, 2015 at 11:46
  • Reply victoria

    yumyumyum

    August 26, 2015 at 14:49
  • Reply June

    Nam!

    August 26, 2015 at 22:59
  • Leave a Reply

    You may also like