Browsing Category:

DIGITAL

#feedgoals aka @idabroen

idabroen

idabroen

#feedgoals aka @idabroen next. Eit kjend ansikt for nordmenn som er over gjennomsnittet oppteken av sneakers (Stress Oslo – you know the drill). Ida Broen er ambassadør for New Balance (what a dream), og er PR-student på hipsterskulen Westerdals (what a dream vol. 2).

Tusen endeleg takk. Vi byrjar forhåpentlegvis å få ei bølgje av norske moteprofilar som ikkje speler på kropp og sex. Ida Broen er eit eksempel på ein slik profil – og vi vil (og treng!!!) fleire. Hallo, dette er kult. Instagram-feeden består for det meste av sneakers og oversized plagg. Her lukter det #hypebeast og #hybebae. Teikn tyder på at den kronologiske rekkjefølgja av bileta er lite planlagd, og VSCO-filter kan ein seie takk og farvel til. For andre gong i denne teksten: dette er kult.

2017 er året perfeksjonisme på sosiale medium er utrendy, og det trur eg er sunt for oss alle. Følg @idabroen ved å trykke her (link).

 

idabroen

April 3, 2017
/

#feedgoals aka @alycealyce

alycealyce

alycealyce

#feedgoals aka @alycealyce – are you ready? Frå det tropiske surfelivet på Gold Coast, flytta ho til den urbane storbyen Melbourne i Australia. Der lev ho av å gjere dei to tinga ho elsker, “writing and fashion”, som ho nemner på heimesida hennar. Høyrest ut som #lifegoals, eller kva? Alyce Nicole Cowell ER goals (!).

 

Hei, og velkomen til ei verd av cocktails, dyre solbriller og “make-up on point”. For godt til å vere sant? Lat oss i alle fall hugse at Instagram er eit gigantisk samfunn som skrik “fake it till you make it”. For det australske motemagasinet Fashion Journal, deler nemleg Alyce hennar personlege “tips og triks” for å framstå som ein kulare person på Instagram (lenke). Det er altså ingen tvil om at det skjuler seg ein god del jobb bak bileta ho deler til hennar nesten 20 000 følgarar. Hard work pays off. Nyleg starta ho sitt eige digitale marknadsføringsbyrå som hjelper andre svoltne, kreative sjeler med å sjå bra ut på det store Internettet.

Om du er som meg, og har nokre gonger behov for å drøyme deg vekk i andre sine “perfekte” liv; sjekk ut Instagram-profilen til Alyce ved å trykke her.

 

alycealyce

March 19, 2017
/

#feedgoals aka @krystalboydpriest

krystalboydpriest  krystalboydpriest

#feedgoals aka @krystalboydpriest er frå New Zealand, men bur i byen Perth i Vest-Australia. Denne chicken har eg vore “fan” av i godt over to år, og har sikkert trykka “like” på cirka alle bileta hennar. Krystal elsker fashion og eig to klesbutikkar saman med kjærasten hennar, “The Black Wall” og “Asylum Store”. To gullgruvar for fashionistas som liker svarte klede, frekke prints og oversized toppar og bukser. #GOALS.

Skulle ynskje Krystal kunne lært oss hemmelegheita bak einkvar selfies. Fordi jepp, ho gjer spegl-selfies kult igjen. Feeden hennar går mykje i klede, sko, vesker, hår og solbriller. Litt mat, konsertar og strand her og der – typisk australarar. Må heller ikkje gløyme hundane deira, Penelope og Malibu. Dei har òg Instagram, @penelopeandmalibu. Krystal redigerer bileta kaldare med mindre nyanse. Eg vil tru ho vekslar mellom tre forskjellige filter; HB2, C1 og A6 i bilderedigeringsappen VSCO.

 

Eit kaldt bildeuttrykk med ein minimalistisk vri. Krystals feed er heilt rå. Eeehhhh, I’m totally in love. Trykk her for å sjekke ut Instagram-profilen hennar.

krystalboydpriest

February 13, 2017
/

#feedgoals aka @amalie_wessel

feed goalsfeed goals


#feedgoals aka @amalie_wessel er den “piken” som får meg til å ville flytte til København ASAP! Ho får meg til å ville ete vegetarburgarar, spasere i koselege bygater med grafittiveggar i slengbukser kvar dag. Instagram-profilen består av bildeopplastingar i regnbogens fargar. Er det rart eg blir glad av å skrolle i “feeden” hennar? Bileta er klare, og har ikkje hatt alt for mange rundar i forskjellige bilderedigeringsprogram (det er sååååååå 2015).

Frøken Wessel liker å publisere bilete av antrekk, mat, smoothies og kaffi, selfies og “in action shots”. Variasjon er bra, og bildetekstane har ofte ein humoristisk vri. Litt sjølvironisk er ho òg. Lite fokus på kropp. Det synest eg er eit pluss. Sjølv byrja eg å følge Amalie på Instagram i fjor haust. Det tok ikkje lang tid før eg starta å lese bloggen hennar. Anbefaler at du gjer det same. Ta ein titt på feeden hennar ved å trykke her.

 

feed goals

Ordforklaringar

Feed = Opplastingar på sosiale medium (ein Instagram-profil for eksempel).
Goals = Noko ein vil oppnå, eit ideal eller endepunkt (#bodygoals, #foodgoals eller lifegoals kan vere nokre mål).
#FeedGoals = Positivt uttrykk som vert brukt på diverse sosiale medium, ofte på Instagram (ein Instagram-profil/bloggar som tar fine fotografi med perfekt filter, og publiserer bileta i ein estetisk rekkefølgje som får alle opplastingane til å høyre saman, som gjev eit godt fyrsteinntrykk, “feeden din er goals”).

February 2, 2017
/

the messy effect

Har de høyrd om #themessyeffect? Om du som les no er nysgjerrig, litt galen og kreativ, samt ynskjer forandring, bør du engasjere deg i nettopp denne emneknaggen; #themessyeffect. Sjå videoen under, og bli inspirert av to unge, inspirerande hjarter. It can make a change.

The Messy Heads er jentene bak #themessyeffect. Kva er eigentleg “eit messy head”? På bloggen deira (link) skildrar dei “eit messy head” som dette:

A messy head is one part Chanel and one part zephyr child. They wear whatever they feel, from winged eyeliner, to pearls, to tattered old Levis. They hop fences, sing too loudly, and love harder than anyone. They are the type that stay out late strumming guitar and looking at the stars, and wake up early to a cup of coffee.

Sjølv drøymer eg meg heilt vekk ved å lese skildringa over. Sjekk ut dei korte videoane under. The Messy Heads har nemleg reist rundt i Amerika og møtt målgruppa dei var ute etter; ungdom som vil forandre verda med sine unike stemmer, samt presentere deira uperfekte liv.

Det skal vere fem filmar, og ikkje berre fire. Men alt kan ikkje vere perfekt.

June 19, 2016
/

how to pick your career and major

Tidlegare trudde eg at eg med tida ville bli meir og meir sikker på kva eg ville halde på med i framtida, men der tok eg fullstendig feil. I dag blir det forventa at ein skal ha ei god utdanning. Denne skal ein gjerne starte med i ung alder. Når veit ein at ein har valgt riktig utdanning og plan for framtida? Eg synes det er kjempevanskeleg, og spesielt i ung alder. Anbefaler å sjå Youtube-videoen til Evelina. Motiverande og inspirerande!

April 2, 2015
/

verdas beste nynorskblogg

Framtida.no, Noregs mållag og Norsk Målungdom skal dette året kåre verdas beste nynorskblogg. Kvar veke fram til nyttår, skal éin nynorskblogg bli nominert. Ut ifrå desse skal ein jury avgjere éin vinnar som stikker av med stempelet som årets blogg. Dette vert spennande!

014

Sist veke blei eg “vekas blogg” på nynorskavisa, Framtida.no. Dette betyr at bloggen min er nominert som “verdas beste nynorskblogg”. Då eg blei ringt opp av Framtida, blei eg heilt satt ut. På førehand hadde eg lese om at det skulle bli kåra ein nynorskblogg, men eg hadde ikkje forventa at eg hadde sjanse til å bli nominert. Trykk her for å lese intervjuet med meg.

May 2, 2014
/