Browsing Category:

DIGITAL

ommwriter – bli kvitt skrivesperra

Skjermbilde 2014-04-24 kl. 20.33.23

Kor ofte klør me oss ikkje i hovudet, og håper på at nokre geniale ord skal dukke opp på papiret, dataskjermen eller nettbrettet? Desse heildagsprøvane i norsk og engelsk føltes ut som to dagar, og den kvelden med historie-innleveringa blei forvandla til natt på eit blunk. Alt for mange gonger har dette skjedd med meg, og eg vel å tru at eg ikkje er åleine.La meg introdusere dykk for skriveprogrammet, OmmWriter. Der får du servert roleg musikk, i tillegg til tastaturlydar når du skriv. Det er mogleg å skifte bakgrunn, skriftstil, fargar og liknande. Alle andre program blir utelukka – ein er berre i skriveprogrammet. Ikkje noko anna. På grunn av den magiske musikken, lydane som går i takt med tastaturtrykkinga og dei skiftande bakgrunnane, opner det opp for ei heilt ny skriveoppleving. Trykk her for å laste ned OmmWriter gratis.

April 24, 2014
/

evernote – ein kvardagshelt

I dette blogginnlegget vil eg skryte litt av skriveprogrammet “Evernote”, eit program som eg bruker kvar einaste dag i ulike samanhengar. Kva slags samanhengar er dette?

IMG_5603

  • Når eg skal skrive hugselister (for eksempel før eg skal på butikken), eller når eg kjem på noko smart å skrive om på bloggen
  • Når eg er på forelesing og det vart lite notatar til slutt (i staden for å opprette eit heilt nytt Microsoft Word-dokument)
  • Når eg skal hugse reservasjonsnummer, passord og slike ting
  • Når eg lager mat og ikkje hugser oppskrifta som er funnen på Internett
  • Når eg finn inspirerande ordtak og songar som eg vil hugse
  • Når eg har byrja på eit nytt treningsprogram, og ikkje hugsar alle øvingane på trening (eller loggføre treninga)

IMG_5607

Det som er så utruleg bra med Evernote, er at det er eit skriveprogram både for datamaskin, mobil og nettbrett. Oppretter eg eit dokument på datmaskina og skriver eit eller anna fjas, blir dokumentet direkte overført til mobilen – eller omvendt. Ein treng med andre ord ikkje ta fram laptopen kvar gong ein skal i eit møte, er på trening eller på butikken, he-he. Programmet er enkelt og oversiktleg, og passer godt til dei som liker å halde orden i sakene sine (eller for dei som gjerne skulle ynskje dei hadde det). Etter eg blei student i fjor haust har Evernote vore ein kvardagshelt. I tillegg er programmet òg utvikla på norsk. Last det ned gratis ved å trykke her.

January 29, 2014
/