Browsing Category:

DREAM LIFE

22042017: bergen

Ingeborg les studentavisa STOFF medan vi høyrer på regnet. Samtidig skin sola på den grå veggen bak ho. Vêret her er meir dramatisk enn oss begge på fylla. Status akkurat no: for mykje drama.

I dag er det sundag og eg har høyrd på Sigrid Raabes nye singel, “Plot Twist” tolv gonger. Har sett siste episode av Netflix-serien “Black Mirror”, og drukke over éin liter brus. Perfekt sundag, med andre ord.

April 23, 2017
/

påsk1

Påsken var ikkje så galen i år heller, hæ. Vart lite fjell og ski, men ingenting kan måle seg med gode vener rundt seg. Lev lenge på denne ferien her, for å seie det slik.

April 20, 2017
/

10042017: red

Når ein kan ta eit glas vin til lunsj med bestevenninna den fyrste dagen i veka. Då er livet bra.

April 20, 2017
/

07042017: vossa jazz

highasakite

Highasakite spelte “Lover, Where Do You Live?” og coverlåta “Heavenly Father” på fredag. Det var ikkje noko anna enn terapi for sjela. Kunne høyrd på dei heile natta ♥ Litt over midnatt var eg på konsert med Haugesund-bandet, “Undergrünnen”. Var hakket skeptisk til denne garasjerock-musikken, men veit de kva? Trur det er lenge sidan det har vore god stemning på nattklubben Pentagon. Dødskult!

April 10, 2017
/

04042017: bergen

Tok helg på ein tysdag, og heldt Ingeb med selskap og omvendt i litt over eit døgn. Me åt sopprisotto til middag og godteri til frokost, lufta 20-årskrisa for sekstiande gong, gjekk på kafé, vimsa i klesbutikkar og sovna til regnet. Fint døgn i regnbyen Bergen, med andre ord. Eg vil tilbake A$AP.

Ikkje fåkk med kjærligheten. 

April 6, 2017
/

26032017: oslo

Om eg plutseleg hadde vakna opp frå koma på sundag, hadde eg trudd at vi var i juni. Det var sååååååå varmt ute! Folk sprada rundt i T-skjorte og (fuckings) capribukse. I Frognerparken spotta vi til og med ein eldre mann i berre boxershorts som sleika sol. De som fylgjer meg på Instagram og fekk med seg denne sundagens “Insta Story”, blei vel like satt ut som oss.

Etter ein lang ettermiddag i sola, blei det hamburger med blåmuggost (!) og søtpotetfries frå Munchies. På fjernsynet såg vi noko av det kleinaste eg har sett: “Best før” på TV2 med Linn Skåber i hovudrollen. Likevel er dette ein fin sundagsaktivitet om ein rett og slett føler seg heilt tom på innsida, og aller helst vil få vekk fylleangsten frå kvelden før. Dessutan er ikkje dette noko anna enn perfekt om ein er fan av “Helt perfekt” med Tom Gjertsen.

March 30, 2017
/

25032017: oslo

På laurdag var Nina og eg på buksejakt. Me enda sjølvsagt opp med – begge to – heilt same bukse. To like bukser kvar. Då me kom heim att måtte me sjølvsagt prøve buksene igjen, og me berre hysterisk: “Kor er du William???”. Hehe neidå, no lyg eg. #SKAM

Det me (eller berre eg?) eigentleg sa: “Hanne, du MÅ ta bilete av oss!”.

 

Laurdagskveld feira me 23-årssdagen til Mathilde. Kjekt å sjå fleire jenter frå studietida i Volda. Der blei det evig gode cupcakes, Beat for Beat og lufting av 20-årskrisar. Etterpå tok me turen til Jæger, for å lette på dansefoten.

March 29, 2017
/

24032017: oslo by night

Finnebassen spelte på nattklubben Elsewhere (favorittklubben) på Gold Coast berre ei veke etter eg flytta heim frå Australia. Hugsa det var kjipt i og med at eg var superklar for å møte opp og eige dansegolvet, samt skryte over at eg var like norsk som DJ’en. Typisk (!) idé av meg.

Heldigvis fekk eg sjansen igjen. Natt til laurdag spelte Finn musikk i fire timar, og alt eg gjorde var å møte opp, sleppe håret laus og nyte.

March 28, 2017
/

24032017: oslo

pust oslo

Pust kafé på Majorstuen klokka 08:00; eit stort pusterom for å finne roen. Her åt eg heimelaga sandwich (med rosiner i – kjempegodt), og snakka om livet og ingenting med Nina og Anna. Pust inn, pust ut.

 

robot oslo

Grünerløkka og Robot-butikken. Hanne og eg vert heilt galne og prøver å finne den perfekte Levis 501-buksa. Så gjev me opp, og går laus på solbrillene i staden.

 

Vidare til Fru Hagen for lunsj og to koppar svart kaffi med Ingrid og Hanne. Der freista det med ein gigantisk salat beståande av honninggratinert chèvre, rødbeter, karamelliserte valnøter og spinat. Og toast. Kjempemasse toast, mmm! Dette var skikkeleg digg. Perfekt om ein ikkje vil bli supermett, men samtidig litt mett – om de forstår? Hehe.

 

Innsåg litt utpå dagen at eg hadde tatt med meg regnet frå Vestlandet. Heldigvis var Hanne og eg på veg til å hoppe på 31-bussen. Eller var det 21-bussen? Hehe. Eller kanskje var det 11-trikken? Hugser ikkje heilt, men det er kanskje ikkje så viktig uansett. Offentleg transport i Oslo er ikkje heilt mi greie endå. Er i byen så sjeldan at kvar gong eg er på besøk, har Oslo-hukommelsen svikta totalt. På grunn av dette, har eg bestemt meg for å ta turen til hovudstaden oftare.

Hadde ikkje sett desse herlege jentene sidan mai/juni i fjor. Likevel går samtalen som om at me var saman seinast for to veker sidan. Det er fint med det.

March 28, 2017
/

så kjære oslo

snow

Reiser vekk frå snøtoppane for nokre dagar, og over på andre sida. Ynskjer alle ein bra og fin og kul helg. Smask ♥♥♥

March 23, 2017
/