Browsing Category:

DREAM LIFE

sogndal baby!

I helga tok eg turen til Sogndal for å besøke Hege under #VEKAO2017. Fy søren kor kjekt me har hatt det. Har framleis ein venstre fot som ikkje fungerer optimalt. Lommeboka er blitt tynnare. Døgnrytmen er ute av balanse. Men hallo – sååå verd det!

Vil tilbake A$AP!

March 14, 2017
/

GRL PWR

Hey. Gratulerer med kvinnedagen.

Eg blei kjend med ein person. “Me treng ikkje denne dagen lenger,” insisterte han. “Du tar feil,” sa eg.

Han var eit eksempel på at me treng åttande mars. Fordi det var tydelegvis eit problem å setje lys på kvinneundertrykking.

March 8, 2017
/

good morning, honey

Morgontimane er viktige for meg. Liker dei lange, rolege og mjuke. Det inneber to-tre koppar kaffi, radiolytting, blogglesing, kanskje litt God Morgen Norge på TV2 og ein god, mettande frokost. Pleier òg å løyse Rubiks Kube to gonger, og ta baklengs salto frå venstre sofahjørne – i berre undertøy – helst før fyrste kaffikopp. Hehehehe, neidå. Men fakta: kaster gjerne av meg dyna to timar før eg eigentleg bør av stad til jobb.

Må heller ikkje gløyme: å trykke på slumre-knappen på vekkerklokka er forbode. Er det ikkje betre med god søvn i tretti minutt, enn å ligge og høyre på vekkerklokka som ringer fem gonger i løpet av ein halvtime? For meg høyrest det berre ut som stress, stress og stress. Og jævlig irriterande.

Kva morgonrutinar gjer dagen dykkar bra?

March 6, 2017
/

march

Har akkurat opplevd mi fyrste edruhelg på seks månadar. Tulla. Seks veker, meinte eg. No har eg to nye fans: lommeboka og levra mi ♥ Dei treng nemleg å lade opp til mars. Fordi denne månaden har eg mykje kjekt å sjå fram til. Hipp, hipp, hurra!

 

Om få dagar skal eg lufte 20-årskrisa mi til Marita. Ho kjem nemleg heim att på besøk. Neste helg vert det ein tre-timars busstur til Sogndal. Skal sjekke ut livet under “Vekao”, og ikkje minst (!) på John Olav-konsert. Gler meg heilt vanvittig. Vert òg ein tur til hovudstaden i slutten av månaden. Der skal eg treffe venninner frå studenttida i Volda, drikke hipsterkaffi og danse ræva av meg ved midnatt. Kribler i magen. Har de nokre planar for månaden? Fortel meg noko interessant.

 

March 5, 2017
/

(us)


Vinteren blei plutseleg litt lenger. Sjølv om me framleis er i februar-månad, hadde eg eit pittelite håp om at våren var like rundt hjørna. Det såg i alle fall sånn ut. Ei stund.

Men fuck it. Denne sundagen kjennast som Linnéa Myhres debutroman. Heilt evig. Har drukke fire koppar kaffi (kanskje fem?), samt ete pizzarester frå i går. Låtane til Anna Of The North kan eg plutseleg heilt utanåt, fordi musikken gjer meg lukkeleg.

Leave the bottle by the door
Take off all that you have on
We know what I came here for
In the morning, I’ll be gone

Seinare skal eg gje siste innspurt på helgekosen. Bollane venter på kjøkkenbenken, og i kjøleskapet står kremen. Fastelavn kjem til å gje meg mageknip, samt flotte tankar om blåmandagen. Håper de føler cirka det same, hehe ♥

February 26, 2017
/

happy but confused

Halla. Eg berre stiller meg inntil ein husvegg, og seier noko som: “Uøøøehhh, kan u ta bilde av meg til bloggæn elleøøøeh?!?” til bestevenninna mi. På det nedste biletet later eg som om at eg ikkje veit at ho tar bilete. Men lengst inne… så gøymer det seg ein heftig og planlagd posering. Sånn har det alltid vore, og sånn kjem “blogglyfe” alltid til å vere. Med mindre mine næraste starter å ta bilete utan eg er merksam på det. Hallo, det hadde jo ikkje vore så verst, hæ.

Tilbringer mesteparten av dagane på jobb. Det er uansett fint, fordi eg liker jobben min svært godt. Samtidig får eg tilsendt katalogar i postkassa. Dei får meg til å føle meg 19 år igjen. Det er jo kjekt, men samtidig ikkje. Katalogane skrik blant anna “Utanlands-studier”, “NTNU-livet”, “Student på Universitetet i Bergen” og “Westerdals”. Kva vil eg gjere for resten av livet mitt? Kva passer eg til å drive med, liksom? Skulle ynskje eg visste.

Blir heilt svimmel. Om ti år ler eg av meg sjølv.

February 23, 2017
/

all the glitter

Det er alltid skikkeleg kos når den unge Oslo-dama, Marita, kjem heim. Då vert det liv (knis).

February 20, 2017
/

nordsjøen

nordsjøen

På fredag slapp John Olav Nilsen & Nordsjøen sitt fyrste album, “Nordsjøen”. I går låg det på postkontoret og venta på meg. I dag høyrde eg meg igjennom dei ti fine spora på den gamle platespelaren til paps. Dette er stor glede. Spesielt på ein elles grå sundag med hovudverk og fylleangst. Mmm… ♥

John O, takk for at du er tilbake.

February 19, 2017
/

leskebutikk

3 brør3 brør

Som ein attraksjon i sentrum av Voss, “3 Brør Leskebutikk”. Det finst så mykje meir enn kjære Hansa.

February 12, 2017
/

fifty shades of salt

fifty shades

I skrivande stund høyrer eg på “I don’t want to live forever” av Taylor Swift og ZAYN – ein av kjenningsmelodiane til den nyaste filmen av Fifty Shades-trilogien; Darker. Må kome i riktig “mood”. Forventingane før filmen blei vist på kino i kveld var ikkje særleg høge. Det er éin av mange reglar eg har inngått med meg sjølv. Aldri ha for høge forventingar før du bruker over hundre kroner på å sitje i ein sal med åtti andre skravlebøtter, som må på toalettet eller ta seg ein røykepause kvart 15. minutt. Oi, men det er lov med positivitet. Stemninga var god – angrer på at eg ikkje deltok på Fifty Shades-vorspiel på Fleischers Hotel.

Fifty Shades film nummer to tilrådast framleis ikkje å sjå saman med mor eller far, med mindre du har lyst å stirre i veggen under heile filmen. Jepp, den er megapinlig. Men seriøst. Fifty Shades-historia (bok og film) hadde vore meiningslaus utan denne “husmorpornoen”. Og når kinobillettane er utsolgt, viser det kor underhaldande sex er å sjå på.

February 10, 2017
/