Browsing Category:

FRESH

recipe: a green wellness bomb

smoothie, grønn smoothie

Eg elsker å fylle store norgesglas med smoothie eller juice, og sitje og nyte drikken med sugerøyr. Slurp!

Grøn og frisk bombe 
♥ Ynskja mengd appelsinjuice
♥ 2 selleristenger
♥ 2 kiwi
♥ 1 håndfull frosen spinatputer
♥ 1/4 agurk
♥ Sitrondråpar (valfri)

Bland ingrediensane over i ein blendar eller juicemaskin. Dryss 1 ss med chiafrø på toppen.

April 15, 2016
/

recipe: açaí bowl

acai bowl

Açaíbæra veks vilt i Amazonas i Brasil. Dei inneheld opptil dobbelt så mange antioksidantar som blåbær. Dei er med på å styrke immunforsvaret, gje energioverskot, forbetre blodsirkulasjonen og senke innhaldet av dårleg kolestrol i blodet. So, why not give the berries a chance? Det har eg.

Açaí-bowl
♥ Bær (gjerne frosne)
♥ Frosen banan
♥ Kokosvatn (eller juice, melk, vatn)
♥ 1-2 ss açaípulver

Ha alle ingrediensane i ein blendar. Bruk ynskja mengd, men sidan dette er ein “bowl”, og ikkje ein smoothie, skal den kalde bærmassen kunne etast med ei skjei. Den skal ha cirka same konsistens som is. Hell açaírøra i ei skål, og topp med det du måtte ynskje. På biletet over har eg toppa min med hempfrø, blåbær, kokosflak, chiafrø og mandlar.

Eg har lagt ut liknande oppskrifter tidlegare. Trykk på lenkene under for å kome til dei.
banan-smoothiebowl
 grøn smoothiebowl

September 22, 2015
/

recipe: banana smoothie bowl

Denne skåla har eg heilt dilla på for tida, og eg er blitt forelska i blendaren min på nytt. I dette blogginnlegget vil eg dele oppskrifta på banan-smoothiebowl, eller på norsk: banan-smoothieskål.

Banan-smoothiebowl
♥ 1 fryst banan (gjerne òg litt mango)
♥ 2 ss melk (eller soyamelk, mandelmelk, havremelk, kokosmelk)
♥ 1 scoop vaniljeprotein
♥ 2 ss sukrinmelis

Bland alle ingrediensane saman i ein blendar. Om du synes røra blir for tjukk eller for tynn, er det berre å tilsette meir av det tørre/våte – juster til du får ynskja resultat. Hell over smoothien i ei skål, og topp den med det du ynskjer. På biletet over har eg toppa den med chiafrø, mandlar, havregryn, frosne jordbær- og blåbær. Perfekt som frokost, lunsj eller dessert!

August 26, 2015
/

hair product: sick of thin hair?

Er det ikkje typisk at dei som har tjukt hår, ynskjer seg tynnare hår, og dei som har tynt, heller ville føretrekt litt tjukkare? Eg er ein av desse, og heilt sidan eg var ei lita jente, har eg nesten alltid hatt langt hår, men veldig tynt. Har alltid ynskja meg fyldig hår. Sist gong eg var hjå frisøren, blei eg anbefalt ein hårspray frå merket “Kérastase”. Produktet heiter “Materialiste Thickening”, som skal gjere håret fyldigare.

Sponsa produkt

kerastase materialiste

Frå og med fyrste gong har dette produktet vore eit “must have” for meg, og eg er veldig glad for at eg fekk lov til å prøve denne sprayen. Kérastase skuffer aldri. I tillegg beskytter den mot varme, noko som er perfekt for dei som føner håret eller vil glatte/krølle håret. Eg lot ein kompis av meg (med tynt, halvlangt hår) låne sprayen (noko som var meint som ein spøk i starten). Det var ikkje siste gongen, for å seie det slik. Han kunne sjå tydeleg forskjell på hårfrisyren hans med- og utan denne i håret. Håret blei meir rett, føltes tjukkare ut og mogleg meir glansfullt. Haldt seg meir på plass.

Bur du på Voss, kan produktet kjøpast hjå Capilli Frisør. Elles er det mogleg å få kjøpt hårsprayen i dei fleste frisørsalongar som sel produkt frå Kérastase.  

August 18, 2015
/

five maybe realistic goals for the next season

IMG_3656 copy

Månadane etter sommarferien er på ein måte som eit nytt år. For mange er det gjerne nye målsettingar å jobbe mot. Sjølv har eg nokre få, som kanskje er lettare å motivere seg til når eg deler dei med… *knis*… heile verda.

Mine haustmål som liksom skal gjere meg til eit betre menneske
♥ Booste opp kvardagskosthaldet med meir frukt og grønt. Eg elsker kjensla av å tilføre sunn mat i kroppen min. Likevel vil eg bli endå flinkare til å ete grønsaker og frukt. Mango, vannmelon, appelsin, banan, kiwi, avokado, agurk, tomat, oliven… Sprudle opp matfatet med fargar, med andre ord.

♥ Gje yoga ei ny sjanse. Tidlegare har ikkje denne treningsforma heilt falt i smak hjå meg. Eg håper forklaringa på dette er fordi eg berre har prøvd det rundt fem gongar før. Har lyst å forstå kvifor yoga er så populært verda rundt.

Sjå fleire dokumentarfilmar. Tenk på kor mykje eg kan lære berre ved å sjå på ein skjerm. Ein treng faktisk ikkje lese for å lære noko nytt. Ein perfekt moglegheit til å utnytte Netflix-kontoen sin til det fulle.

Sitje mindre. Det er flaut å tenke på kor lenge eg sit stille iløpet av ein dag. Det er verken bra for nakke, rygg, rumpe eller bein. Når eg berre sit og surfer på fjesboka eller bloggar, burde eg heller hoppe opp av stolen eller senga, og ta tjue armhevingar. Berre sånn at du veit det, så tuller eg no. Men, eg kan gå ut med søppelet, rydde eller ta meg ein gåtur.

♥ Lytte, gje komplimentar og bekymre seg mindre. Vil bli flinkare til å lytte og spørje spørsmål til folk eg snakker med. Det hender ofte at tida etter eg har hatt ein samtale med nokon, har tenkt “ånei, skulle spurd om det, sidan han/ho spurde meg om det”. Skal ikkje vere redd for å gje komplimentar til andre. Siste punkt er å ikkje bekymre meg så mykje over ting. Tenke mindre, men samtidig tenke på det som gjer meining. Vere meir “yolo”, for å seie det slik. Overtenking er ikkje bra.

Håper de likte lista. Har de satt nokre mål for komande haust- og vinter?

August 16, 2015
/

recipe: chocolate oatmeal

I det siste har eg fått heilt dilla på sjokoladehavregraut om morgenen. Vaniljehavregraut er framleis favoritten, men det er greit å variere litt.

Sjokoladehavregraut
♥ 50 gram havregryn
♥ Vatn eller melk til å koke opp
♥ 30 gram sjokoladeproteinpulver
♥ 1 ts kakaopulver/bakekakao
♥ 2-3 ss Cottage Cheese
♥ 1-2 ts peanøttsmør
♥ “Sukrin Gold” eller vanleg sukrin*
♥ Ynskja mengd salt og kanel*

Bruk mikrobølgeomn eller komfyr og kjele, og kok opp havregryn og melk/vatn saman. Bruk så mykje væske at øvste laget med havregryn i skåla/kjela flyter. Prøv deg fram (eg brukte hundre år på å finne den “perfekte” konsistensen – enten blei havregrauten for blaut, eller for hard). Etter du har den konsistensen du vil ha, tilsetter du sjokoladeproteinpulver, kakaopulver og ynskja mengd salt. Kanel er valfritt. Rør godt. Topp med Cottage Cheese, peanøttsmør og sukrin (eg føretrekk gold, for å gje ein meir karamellisert smak). Etter toppinga tilsetter eg cirka ein halv deciliter melk, slik at grauten ikkje blir for tørr. NAM!

Det er mykje diskusjon om proteinpulver er nødvendig i kosten for folk som ikkje trener profesjonelt. Eg føretrekk proteinpulver fordi det gjev smak, men òg for å føle meg skikkeleg mett. Ved å ete proteinpulver om morgonen, kan eg halde meg ordentleg mett i fire-fem timar, noko som passer kvardagen min perfekt.

 

July 3, 2015
/

everyday makeup

Innlegget inneheld annonselenker/nokre av produkta er sponsa.
IMG_8163♥ Mascara: Yves Rocher – Sexy Pulp
♥ Pudder: Mac – Studio Fix
♥ Rouge: Mac – Powder Blush
♥ Augebrynsfarge: Anastasia Beverly Hills – Dip Brow Pomade Blonde
♥ Augebrynsbørste med pensel: Anastasia Beverly Hills – Large Synthetic Duo Brush Nr 12
♥ Foundation: Smashbox – Liquid Halo
♥ Eyeliner: The Balm – Liquid Eye Liner Schwing
♥ Highlighter og augeskygge: The Balm – The Luminizer

IMG_8168♥ Augeskygge-sett: The Balm – Nude’Tude Eyeshadow Palette

Her er produktene eg sverger til når eg vil pynte meg litt ekstra. Det siste halvåret har eg byrja å eksperimentere med auger og bryn, og eg synes det er interessant å sjå kor mykje utsjånaden blir forandra berre ved å framheve og skjule enkelte trekk i ansiktet. Har de nokre enkelte produkt som de har heilt dilla på for tida? Tips meg gjerne!

June 29, 2015
/

get your motivation back: workout music summer 2015

IMG_8144

Lenge har eg hatt litt problem med treningsmotivasjonen. Fann ut for to-tre dagar sidan at musikkvariasjon under treningsøktene var litt av grunnen. Med deilig musikk på øyrene, blei mila eg jogga i dag tidleg berre ei magisk oppleving. Lesarane mine fortener den same opplevinga som eg starta denne dagen med, så under har eg linka til to av treningslistene mine. Den fyrste til kondisjonstrening og den andre til styrketrening. Håper de liker musikken like godt som eg gjer. Hald dykk oppdatert og abonner gjerne! Songar blir byta ut og songar blir lagt til med jamne mellomrom.

Running up that hill
Lift me up

Har lesarane mine nokre treningsmelodiar de blir ekstra motiverte av for tida? 

June 22, 2015
/

let’s go outside and have a run!

Innlegget inneheld annonselenker

Recently Updated10Kari Traa – Mette LS / Adidas – Run Longsleeve /  Casall – Conquer Running T-Neck / Adidas – Run Jacket

Recently Updated8Casall – Base 7/8 / Adidas – ULT 3S / Nike – Legend 2.0 Floe / Neo Noir – Love Long Sport

Recently Updated9Nike – Just Do It / Röhnisch – Meg Loose Racerback / Drop of Mindfulness – Spagetti Dog Print / Adidas – Run FL

Dei siste åra har eg blitt freista til å heller prioritere pengane mine på treningsklede, i staden for kvardagsklede. Det er litt merkeleg det der. Trening er jo trening, så lenge ein får sveitte litt, så har det vel ikkje så mykje å seie korleis ein ser ut? Men neidå, slik er det ikkje hjå meg. For at eg skal få ordentleg treningsglede, så handler det òg om å føle seg komfortabel under treningsøkta. Eg liker jo å sjå litt “ok” ut, medan eg spring den siste kilometeren, enten på tredemølla eller ute i naturen.

Våren er her, og ein kan finne fram løpeskoa og treningsjakka. Eg har plukka ut nokre favorittar frå Nelly.com, som eg gjerne kunne tenkt meg å lagt til i treningsgarderoben min. Hugs at dei har pågåande “mid season sale” på heimesidene deira. Bruk koden “XTRA10” i kassa for 10% meir avslag – på alle varer. Trykk her for å kome til salet.

April 16, 2015
/