Browsing Category:

FRESH

recipe: sweet potato bread

Polarbrød må verkeleg vere frokostfavoritten heilt sida eg var ei lita jente. Eg hugser det var skikkeleg stas då eg fekk ete polarbrød i helgene, med blant anna sjokoladepålegg eller syltetøy som pålegg. NAM!

Søtpotetpolarbrød
♥ 1 søtpotet på cirka 300 gram
♥ 100 gram havremjøl
♥ 100 gram valfritt mjøl – gjerne meir havremjøl (eg brukte speltmjøl)
♥ 2 ts bakepulver
♥ 1/2 ts salt
♥ Vatn til passe konsistens

Sett steikeomnen på 180 grader på midterste rill. Fjern skalet på søtpoteten, kutt den opp i bitar og kok den i cirka 10-15 minutt (til den er mør). Mos til ein klumpfri søtpotetmos ved bruk av stavmiksar, blendar eller foodprosessor. Tilset mjølet og bakepulveret, salt og vatn. Deigen skal ikkje vere klissete, men skal akkurat kunne formast med hendene. Form dei til polarbrød og plasser dei på bakepapir på eit steikebrett. Prikk brøda slik at du får denne “polarbrød-utsjånaden”. La dei stå i omnen i 10-15 minutt. Avkjøl dei eller et dei gjerne varme og ferske.

Dette bør de prøve ut no til helga. Kjempelett å lage, og er som ein fest i munnen!

April 10, 2015
/

recipe: tuna burger

Denne middagen/lunjen passer perfekt for fattige studentar som er opptatt av å ete sunt. For dei som er superinteresserte, inneheld desse to tunfiskburgarane (“pattiane”) heile 43 gram protein! Lat oss gå rett på sak.

Tunfiskburger (2 stk)
♥ 1 boks tunfisk i vatn (170 gram)
♥ 1 egg
♥ Krydder

Bland alt saman i ein bolle. For å få vekk den intense tunfisksmaken, som enkelte ikkje klarer, er det berre å krydre med det du måtte ynskje. Paprikapulver, kvitløkspulver, ulike sortar krydder, chilikrydder, bla bla bla (you name it). Set på steikeplata, og form burgarane (eg får to stk). Klem ut safta av kvar av dei, slik at dei blir litt fastare. Form dei med hendene og steik dei i panna.

Hamburgerdressing (for éin hamburger-porsjon aka eitt brød)
♥ 2 ss mager kesam
♥ 1 ts ketchup (eg brukte den utan sukker)
♥ grillkrydder, kvitløkspulver, kyllingkrydder

Bland kesam, ketchup og det krydderet du ynskjer. Eg synes kvitløkspulver, grillkrydder og kyllingkrydder fungerer fint saman. Smak deg fram.

Så gjenstår resten av ingrediensane. Eg brukte tomatskriver, raudlauk, syltagurk, ruccula-salat og ketchup. Hamburgerbrødet er kjøpt på matbutikken, grov type. Miks det du ynskjer! Eg brukte for eksempel ruccula-salaten fordi eg hadde ein heil haug i kjølekskapet, som eg måtte bruke opp før det rotna (æsj).

March 19, 2015
/

recipe: smoked salmon pizza

Ok, lesarar, la meg dele dette med dykk. I dag er fjerde dagen på rad eg et dette til middag, og det blir som ein orgasme i munnen kvar gong. Nam. Eg vil ete dette til middag kvar dag! Også er det lett å lage, ikkje frykteleg dyrt og metter bra. Dette blir ein typisk “italiensk pizza”, sidan bunnen er tynn og denne “biff, mais og mykje ost-smaken” er vekke.

Pizza med røykt laks
♥ Speltlomper
♥ Tomatpuré
♥ Sjampinjong
♥ Røykt laks (eg brukte påleggslaks)
♥ Tomatskiver
♥ Lettost
♥ Svarte oliven
♥ Ruccula
♥ Mager kesam
♥ Kvitløkskrydder/pulver, litt chilikrydder, pizzakrydder og svart pepper

Set midterste rill i steikeovnen på 170 grader. Bruk bakepapir og plasser lomper på bakepapir på ei steikerist. Eg et to-tre lomper til middag. Smør ynskja mengd med tomatpuré på lompene (hugs at tomatpuré er litt sterk på smak). Krydre med det du ynskjer (eg brukte kvitløkskrydder- og pulver, litt chilikrydder og svart pepper). Legg på tynne tomatskiver, deretter laks, sopp og ost. Etterpå skjærer eg olivenene i to og fordeler utover. Krydre med pizzakrydder. Sett dei inn i omnen i 12-15 minutt (til lompene er sprø). Når pizzaene er ferdig topper eg med rucculasalat og mager kesam.

March 1, 2015
/

let’s jump

Processed with VSCOcam with a6 preset

Eit genialt tips til personar som ikkje synes sykkelen, ellipsemaskina eller tredemølla er noko særleg; prøv hoppetau! Eg hugser dette (og rokkering) var greia då eg yngre (på barneskulen for eksempel). No som tjue-åring og “uhoppa”, var det litt vanskeleg å halde takten i starten, men eg merker etter nokre gonger at eg byrjar å forstå korleis “hoppetauet” og eg fungerer saman. Ikkje at det er så avansert… Det er i alle fall kjekt når ein får taket på det, og kan spele høg musikk på øyrene! Kvart handtak på hoppetauet mitt har faktisk éin kilogram steinar i seg, så det gjer det litt tyngre å hoppe – både i armar og bein.

Dagen etter eg hoppa for fyrste gong, var eg kjempestiv i leggane. Litt lurt å massere og tøye leggane etter hoppinga.

February 19, 2015
/

recipe: quark with banana in caramel sauce

mager kesamOk, dette her er seriøst noko av det beste eg har smakt når det kjem til sunn mat. Dette tar ikkje meir enn to minutt å tilberede. Eg lagde dette for fyrste gong på fredag, og gjett kven som hadde dette til laurdagssnacks i går kveld? Oh my…

Kesam og banan i karamellsaus 
♥ Éin boks mager kesam original (eller gresk yoghurt)
♥ Ynskja dråper med stevia vanilje og stevia karamell
♥ Kanel
♥ Éin banan
Pannekakesirup
Sukrin Gold (eller kokossukker)

Bland saman kesam, steviadråper og kanel. Topp med bananskiver, sirup og sukrin, eventuelt meir kanel. NYT!

February 15, 2015
/

food and stuff in Australia

Noko av det beste med Australia er definitivt maten. Det verker som om at australarar prioriterer minst mogleg omarbeidd mat. Maten skal blant anna vere organisk, gjerne glutenfri, ikkje noko tilsett sukker og innehalde protein og riktig fett. Dette passer meg perfekt, då eg elsker kjensla av å få i meg dei viktige næringsstoffa.
IMG_2242  IMG_2378Dei store matbutikkane har eit mangfaldig utval. Prisane på maten er på cirka same nivå som i Noreg, men enkelte kan òg variere. Ein 150 grams pose med gojibær koster rundt tretti norske kroner, medan ferske bær kan koste seksti. Juicedisken inneheld drikke med naturleg sukker (og gjerne tilsett spirulina, proteinpulver, grønsaker og hvetegras) og peanøttsmøret inneheld berre nøter (ikkje unødvendige oljar med salt og sukker). Alt i alt har eg funne gode erstatningar til maten eg er vant med heime.

August 9, 2014
/