Browsing Category:

STYLE

whatever that means

Buksene mine er korte, but I don’t give a damn.

Komande helg vert det arrangert Vossa Jazz for 44. gong. På fredag speler Highasakite konsert i Vossasalen, noko eg håper og trur vert magisk. Deira to fyrste album, “All That Floats Will Rain” og “Silent Treatment”, vekker minner frå 19/20-åra. Aller mest håper eg dei speler “Lover, Where Do You Live?”, og ikkje minst coverlåta “Heavenly Father” (trykk her for å sjekke ut sistnemnde). Då kjem tårene til å trille.

Elles vert det fint med påskefeiring og “leik” dagane framover. Har kosa meg ekstremt dei siste helgene, men det vert noko anna når dei næraste kjem heim – og alle er samla igjen. Fint og flott ♥

April 5, 2017
/

I become a chameleon for wherever I am

(Innlegget inneheld annonselenker)

Jakka eg har på meg inne på det sjarmerande, offentlege dametoalettet er frå RAINS. Militær/kamuflasje-stilen kan ein leike seg med til det uendelege, meiner eg. I helga miksa og matcha eg regnjakka både til kjole, svart slengbukse og dongeri. Slik vert det når ein aldri heilt veit om det vert sol eller regn. #Vestlandet ass. Har lenka til nokre liknande jakker under. Elsk ♥

TWIST&TANGO: Lora Coat / Shlimp And Ulrich: Sometimes You Win Camo Jacket
VINTAGE: Army JacketDAGMAR: Becca Jacket

March 15, 2017
/

red is the new black

(Innlegget inneheld annonselenker)

BAG: Day Gweneth Bag / PHONE CASE: Richmond & Finch Marble / SWEAT: Vila Vimats Topred is the new black

BODY: NLY One Turtle Body / CLUTCH: Love Moschino / JACKET: Hilfiger Denim THDW
JACKET: Only Linea / BANDANA: NLY Accessories


Raudt er plutseleg ikkje berre “hot” i desember. No ser det ut til at dette – i tillegg til pastell – vert vårfargen i år. Kjekt med noko nytt. Denne fargen er jo berre sååå kul!

Den siste tida har eg våga meg på andre fargar enn grå, svart og kvit (fordi heilt ærleg; det ser ut som at eg skal i gravferd kvar dag, cirka). Tilbakemeldingane er i alle fall gode. Kanskje eg endar opp med å bli den fargeklatten. He-he, neidå. Raudt, rosa og blått er framleis litt uvant. Forresten; eg er nysgjerrig. Kva fargar gjer dykk komfortabel? 


Ps. Bomberjakka eg har på meg er kjøpt på Loven Amfi på Voss (er framleis i butikk – løp og kjøp). 

March 2, 2017
/

08022017: wednesday kicks

wednesday kicks

Det var dårleg idé å utsette bildetakinga av dette skoparet. Dei fekk nemleg bade seg i øl, tobakk og vestlandsregn sist laurdag. Fin jomfrutur (NOT). Men eg lover; før den tid minna dei om glitter, favorittparfymen og candy. Litt usikker på kor ein får kjøpt Adidas Campus i Noreg, men dei minner litt om Gazelle-serien. Eg kjøpte mine hjå Tennis på Torgalmenningen i Bergen.

February 8, 2017
/

the denim trend I love

… and I have no idea why.

Innlegget inneheld annonselenker.

Kven hugser då dongeriskjørtet dominerte alle barnebursdagane? Eg har heilt ærleg ikkje eigd eit einaste dongeriskjørt sidan eg gjekk på barneskulen. Trur faktisk eg eigde fleire variantar; lange og korte – til og med i forskjellige blånyansar.

Ti-elleve-tolv år seinare, har eg skaffa meg eit nytt skjørt. Dei eg brukte før i tida, var sjølvsagt ikkje passelege. Eigentleg er eg litt sein ute med denne “dongeri-trenden”, men de som kjenner meg, veit at eg berre har hatt (og framleis har) sansen for svart/mørkegrå underdelar. Eg er så pysete.

Favorittkombinasjonen min til dongeriskjørt er svarte toppar.

denim skirt

Shop the look:

Skjørt, OBJEMMA H/W SKIRT 84, Object Collectors Item - NELLY.COMSkjørt, Bright Blue Denim Skirt, Miss Selfridge - NELLY.COMSkjørt, Abba Denim Skirt, Fashion Union - NELLY.COMSkjørt, Demi Dark Wash Skirt, River Island - NELLY.COM

September 4, 2016
/

oslo runway ss17

Oslo Runway SS17 er over. Dei siste dagane har vore inspirerande og lærerike.

oslo runwayoslo runway

Tidlegare i år melde eg meg som frivillig på festivalen, og eg var så heldig og fekk vere med. Eg har møtt folk med same interesser som meg, samt sett _ALLE_ motevisingane på Sentralen – der Oslo Runway denne hausten gjekk føre seg. Det har vore mykje arbeid med opprigg og pakking av “goodie-bags”, men når ein har så kjekke menneske rundt seg, så går tida fort.

 

August 26, 2016
/