Browsing Category:

STYLE

stop buying clothes

Dette året har eg unngått å kjøpe klede. Det viser seg at eg har klard meg bra. Vel å merke har eg brukt studentlomma på eitt (!) plagg i heile 2016, og det var då eg var innom bruktbutikken “Second Love” i Bergen. Der kjøpte eg ei skinnjakke til nokre hundrelappar. Det var det…

De som har lest bloggen min ei stund, gjerne heilt tilbake til 2010, veit at eg elsker klede og liker å shoppe, he-he. Etter eg fylte 18 år og fekk mitt eige VISA-kort (som ikkje berre var av typen “electron”), blei eg bitt av nettshopping-basillen. I ein periode hugser eg at eg måtte på postkontoret fleire gonger i veka. Kjempekult, Anette. Huff, så mykje unødvendig eg ynskja meg. Og endå verre; brukte pengane mine på.

Kva er grunnen til at eg har tatt ein pause frå innkjøp av klede? Det handler både om eiga lommebok, men òg på grunn av miljø og arbeidsforhold til dei som har laga plagga. Overprodusering. Kva er poenget? Treng me nordmenn så mykje klede som me har? Det tviler eg på.

Brukthandel har blitt ei trend her i landet. Det å kjøpe yttarklede, kjolar, gensarar og skjørt på Fretex er ikkje lenger “tabu” for den yngre generasjonen. Ikkje her, i alle fall. Det var kanskje det før – ikkje så alt for lenge sidan, for å vere heilt ærleg med dykk.

På dei siste ferieturane har eg vore på utkikk etter flotte strøk med vintagebutikkar. Der kan eg finne noko som ingen andre har, og plagga har gjerne ei interessant historie. Det gjev meg stor glede.

Før eg kjøper noko, tenker eg meg om. Då går eg igjennom desse enkle punkta:

  • Kor mange gonger kjem eg til å bruke dette plagget?
  • Har eg eit plagg heime som liknar på dette plagget?
  • Er pengane verd dette plagget?
  • Korleis er kvaliteten på plagget; vil det gå i stykker etter nokre gonger i vask?

Eg vaknar opp på morgonkvisten, og det ligg klede på golvet fordi det ikkje lenger er plass i klesskapet. Grunnen er ikkje fordi klesskapet er for lite. Denne månaden har eg solgt og gjeve vekk den delen av garderoben min som eg ikkje bruker lenger. Det er godt å tenke at kleda som ikkje gav meg særleg glede, kan gje ei større glede hjå andre. Gjer det same du òg!

July 17, 2016
/

the prism hat by lack of color

the prism hat by lack of colorThe Prism hat by Lack Of Color.

Denne hatten av det australske merket “Lack Of Color” er ein favoritt hjå meg. Modellen heiter “The Prism” og er verken for stor eller for liten. I tillegg er den svart, noko som gjer at den passer å bruke til omtrent alle antrekk. Den kan du finne her (link). Elsker at me er i ei årstid der ein kan kombinere hatt med ein sommarkjole – både lange og korte kjolar. Hatt gjer susen. Den kan sprite opp eit keisamt antrekk, samt beskytte hår og ansikt mot den sterke sola.

Då eg bestilte hatten i fjor sommar, hugser eg det var vanskeleg å bestemme seg for kva modell eg ville ha. Lack Of Color hadde så mange fine variantar i nettbutikken deira at eg blei sikkert sitjande og Internett-surfe i fleire timar. For å forstå kva eg snakker om, kan du sjekke ut nettstaden her (link).the prism hat by lack of color

June 7, 2016
/

rainy days

Livet i Bergen er fint, bortsett frå regnfulle dagar. For tida er eg praktikant i NRK. Det er hektisk, men lærerikt. Av journalistutdanninga har eg lært meir på desse to månadane, enn det eg har gjort på tre år. Praksisperioden er ferdig om tre veker. Det er sjukt. Etterpå er det berre eit par eksamenar igjen. Og kva skjer etterpå der igjen? Veit ikkje.

Det er spennande å ikkje vite vegen vidare, men samtidig saknar eg å sjå fram til noko. Det kan vere ein ferie, ei ny utdanning, jobb eller ein stor fest. Har lesarane mine nokre planar framover?

March 28, 2016
/

in the middle of the scandinavian mountains

DSC_1053DSC_0911DSC_1054//photographs by Jenny Marie Baksaas

Eg er i studentbygda Volda for ei kort stund, og nyter dei siste dagane med journalistvenene mine. Me drikk mange koppar kaffi, deler seng, ser dokumentarar og går på førelesingar saman. Nesten kvar dag.

Litt lenger sør venter ein ny “kåk” på meg, og eg ser fram til å vakne opp i ei seng som er breiare enn 1.20 meter (hadet, fjorten-årgamle meg). Gler meg til å dekorere veggar, golv og store vinduskarmar med plantar, lampar og bøker (som eigentleg berre står til pynt). 

January 24, 2016
/

opéra national de paris

For ei veke sidan blei eg tatt bilete av inntil denne grøne døra her. Eg berre: “Denne døra vil passe perfekt inn i feeden min på Instagram,” medan eg gav telefonen min til fotografen (ja, fotografen er ein ven, hehe). Dagane går så utruleg fort, og eg gler meg til å ta fatt i det nye året. Det spennande er at det kjem til å skje store forandringar i kvardagen, og mykje er usikkert. Iiik, skummelt – men kjekt!

January 8, 2016
/

nike air max thea

Eg vandra inn i butikken Yme Universe på Karl Johan i Oslo, og eg visste frå fyrste sekund at eg ikkje kunne forlate butikken utan å vere nokre kroner fattigare. In love with my new Nikes ♥

nike air max thea prm camo

September 13, 2015
/