recipe: chocolate oatmeal

I det siste har eg fått heilt dilla på sjokoladehavregraut om morgenen. Vaniljehavregraut er framleis favoritten, men det er greit å variere litt.

Sjokoladehavregraut
♥ 50 gram havregryn
♥ Vatn eller melk til å koke opp
♥ 30 gram sjokoladeproteinpulver
♥ 1 ts kakaopulver/bakekakao
♥ 2-3 ss Cottage Cheese
♥ 1-2 ts peanøttsmør
♥ “Sukrin Gold” eller vanleg sukrin*
♥ Ynskja mengd salt og kanel*

Bruk mikrobølgeomn eller komfyr og kjele, og kok opp havregryn og melk/vatn saman. Bruk så mykje væske at øvste laget med havregryn i skåla/kjela flyter. Prøv deg fram (eg brukte hundre år på å finne den “perfekte” konsistensen – enten blei havregrauten for blaut, eller for hard). Etter du har den konsistensen du vil ha, tilsetter du sjokoladeproteinpulver, kakaopulver og ynskja mengd salt. Kanel er valfritt. Rør godt. Topp med Cottage Cheese, peanøttsmør og sukrin (eg føretrekk gold, for å gje ein meir karamellisert smak). Etter toppinga tilsetter eg cirka ein halv deciliter melk, slik at grauten ikkje blir for tørr. NAM!

Det er mykje diskusjon om proteinpulver er nødvendig i kosten for folk som ikkje trener profesjonelt. Eg føretrekk proteinpulver fordi det gjev smak, men òg for å føle meg skikkeleg mett. Ved å ete proteinpulver om morgonen, kan eg halde meg ordentleg mett i fire-fem timar, noko som passer kvardagen min perfekt.

 

July 3, 2015
/
Previous Post Next Post

1 Comment

  • Reply Kamilla Haaland

    Nam! Ser godt ut 🙂

    July 4, 2015 at 13:44
  • Leave a Reply

    You may also like