#feedgoals aka @alycealyce

alycealyce

alycealyce

#feedgoals aka @alycealyce – are you ready? Frå det tropiske surfelivet på Gold Coast, flytta ho til den urbane storbyen Melbourne i Australia. Der lev ho av å gjere dei to tinga ho elsker, “writing and fashion”, som ho nemner på heimesida hennar. Høyrest ut som #lifegoals, eller kva? Alyce Nicole Cowell ER goals (!).

 

Hei, og velkomen til ei verd av cocktails, dyre solbriller og “make-up on point”. For godt til å vere sant? Lat oss i alle fall hugse at Instagram er eit gigantisk samfunn som skrik “fake it till you make it”. For det australske motemagasinet Fashion Journal, deler nemleg Alyce hennar personlege “tips og triks” for å framstå som ein kulare person på Instagram (lenke). Det er altså ingen tvil om at det skjuler seg ein god del jobb bak bileta ho deler til hennar nesten 20 000 følgarar. Hard work pays off. Nyleg starta ho sitt eige digitale marknadsføringsbyrå som hjelper andre svoltne, kreative sjeler med å sjå bra ut på det store Internettet.

Om du er som meg, og har nokre gonger behov for å drøyme deg vekk i andre sine “perfekte” liv; sjekk ut Instagram-profilen til Alyce ved å trykke her.

 

alycealyce

March 19, 2017
/
Previous Post Next Post

Leave a Reply

You may also like