#feedgoals aka @amalie_wessel

feed goalsfeed goals


#feedgoals aka @amalie_wessel er den “piken” som får meg til å ville flytte til København ASAP! Ho får meg til å ville ete vegetarburgarar, spasere i koselege bygater med grafittiveggar i slengbukser kvar dag. Instagram-profilen består av bildeopplastingar i regnbogens fargar. Er det rart eg blir glad av å skrolle i “feeden” hennar? Bileta er klare, og har ikkje hatt alt for mange rundar i forskjellige bilderedigeringsprogram (det er sååååååå 2015).

Frøken Wessel liker å publisere bilete av antrekk, mat, smoothies og kaffi, selfies og “in action shots”. Variasjon er bra, og bildetekstane har ofte ein humoristisk vri. Litt sjølvironisk er ho òg. Lite fokus på kropp. Det synest eg er eit pluss. Sjølv byrja eg å følge Amalie på Instagram i fjor haust. Det tok ikkje lang tid før eg starta å lese bloggen hennar. Anbefaler at du gjer det same. Ta ein titt på feeden hennar ved å trykke her.

 

feed goals

Ordforklaringar

Feed = Opplastingar på sosiale medium (ein Instagram-profil for eksempel).
Goals = Noko ein vil oppnå, eit ideal eller endepunkt (#bodygoals, #foodgoals eller lifegoals kan vere nokre mål).
#FeedGoals = Positivt uttrykk som vert brukt på diverse sosiale medium, ofte på Instagram (ein Instagram-profil/bloggar som tar fine fotografi med perfekt filter, og publiserer bileta i ein estetisk rekkefølgje som får alle opplastingane til å høyre saman, som gjev eit godt fyrsteinntrykk, “feeden din er goals”).

February 2, 2017
/
Previous Post Next Post

4 Comments

  • Reply victoria

    Jeg syntes nå sånne profiler er ganske 2014 jeg da :p haha, litt mat, litt mote, litt gate, litt ditt og litt datt 😀 men min ekke noe bedre den, haha 😀 men det er alltid gøy å se andre i andre byer.

    February 3, 2017 at 01:53
    • Reply Anette Kronstad Sørheim

      Mat, mote og selfies er ganske “old school”, ja. Heilt einig, hahaha! Men så synest eg at mange av bileta hennar er naturlege, og ikkje konstruert frå toppen og ned. Det er heller ikkje lagt noko fokus på kropp, men på kleda og andre element.

      February 3, 2017 at 08:44
  • Reply Sirianna

    Du er min feedgoals :-*

    February 20, 2017 at 11:06
  • Leave a Reply

    You may also like