five maybe realistic goals for the next season

IMG_3656 copy

Månadane etter sommarferien er på ein måte som eit nytt år. For mange er det gjerne nye målsettingar å jobbe mot. Sjølv har eg nokre få, som kanskje er lettare å motivere seg til når eg deler dei med… *knis*… heile verda.

Mine haustmål som liksom skal gjere meg til eit betre menneske
♥ Booste opp kvardagskosthaldet med meir frukt og grønt. Eg elsker kjensla av å tilføre sunn mat i kroppen min. Likevel vil eg bli endå flinkare til å ete grønsaker og frukt. Mango, vannmelon, appelsin, banan, kiwi, avokado, agurk, tomat, oliven… Sprudle opp matfatet med fargar, med andre ord.

♥ Gje yoga ei ny sjanse. Tidlegare har ikkje denne treningsforma heilt falt i smak hjå meg. Eg håper forklaringa på dette er fordi eg berre har prøvd det rundt fem gongar før. Har lyst å forstå kvifor yoga er så populært verda rundt.

Sjå fleire dokumentarfilmar. Tenk på kor mykje eg kan lære berre ved å sjå på ein skjerm. Ein treng faktisk ikkje lese for å lære noko nytt. Ein perfekt moglegheit til å utnytte Netflix-kontoen sin til det fulle.

Sitje mindre. Det er flaut å tenke på kor lenge eg sit stille iløpet av ein dag. Det er verken bra for nakke, rygg, rumpe eller bein. Når eg berre sit og surfer på fjesboka eller bloggar, burde eg heller hoppe opp av stolen eller senga, og ta tjue armhevingar. Berre sånn at du veit det, så tuller eg no. Men, eg kan gå ut med søppelet, rydde eller ta meg ein gåtur.

♥ Lytte, gje komplimentar og bekymre seg mindre. Vil bli flinkare til å lytte og spørje spørsmål til folk eg snakker med. Det hender ofte at tida etter eg har hatt ein samtale med nokon, har tenkt “ånei, skulle spurd om det, sidan han/ho spurde meg om det”. Skal ikkje vere redd for å gje komplimentar til andre. Siste punkt er å ikkje bekymre meg så mykje over ting. Tenke mindre, men samtidig tenke på det som gjer meining. Vere meir “yolo”, for å seie det slik. Overtenking er ikkje bra.

Håper de likte lista. Har de satt nokre mål for komande haust- og vinter?

August 16, 2015
/
Previous Post Next Post

2 Comments

  • Reply victoria

    må bli flinkere til å gi komplimenter jeg óg, OG spørre hvordan folk har det, bare av ren høflighet.

    August 16, 2015 at 22:53
  • Reply Miriam

    Liker lista veldig godt! Har noen av de samme; et mål som alltid står er jo å bli sunnere, så det er selvfølgelig med nå også. Har også hatt planer om å prøve yoga! Ellers vil jeg smile mer, jobbe med å bli mer utadvendt (selv om jeg allerede er på riktig vei), finne på morsomme ting, men også jobbe hardt med skole og jobb! Totalt sett, rett og slett finne en fin balanse i livet.

    August 16, 2015 at 23:00
  • Leave a Reply

    You may also like