hair product: sick of thin hair?

Er det ikkje typisk at dei som har tjukt hår, ynskjer seg tynnare hår, og dei som har tynt, heller ville føretrekt litt tjukkare? Eg er ein av desse, og heilt sidan eg var ei lita jente, har eg nesten alltid hatt langt hår, men veldig tynt. Har alltid ynskja meg fyldig hår. Sist gong eg var hjå frisøren, blei eg anbefalt ein hårspray frå merket “Kérastase”. Produktet heiter “Materialiste Thickening”, som skal gjere håret fyldigare.

Sponsa produkt

kerastase materialiste

Frå og med fyrste gong har dette produktet vore eit “must have” for meg, og eg er veldig glad for at eg fekk lov til å prøve denne sprayen. Kérastase skuffer aldri. I tillegg beskytter den mot varme, noko som er perfekt for dei som føner håret eller vil glatte/krølle håret. Eg lot ein kompis av meg (med tynt, halvlangt hår) låne sprayen (noko som var meint som ein spøk i starten). Det var ikkje siste gongen, for å seie det slik. Han kunne sjå tydeleg forskjell på hårfrisyren hans med- og utan denne i håret. Håret blei meir rett, føltes tjukkare ut og mogleg meir glansfullt. Haldt seg meir på plass.

Bur du på Voss, kan produktet kjøpast hjå Capilli Frisør. Elles er det mogleg å få kjøpt hårsprayen i dei fleste frisørsalongar som sel produkt frå Kérastase.  

August 18, 2015
/
Previous Post Next Post

1 Comment

  • Reply victoria

    aiaiai! da skal jeg prøve den! jeg må jo spraye hele håret, hvis jeg skal få “tykt” hår, eller la være å gre håret i noen dager, så blir det flokete og tykt.

    August 19, 2015 at 02:02
  • Leave a Reply

    You may also like