GRL PWR

Hey. Gratulerer med kvinnedagen.

Eg blei kjend med ein person. “Me treng ikkje denne dagen lenger,” insisterte han. “Du tar feil,” sa eg.

Han var eit eksempel på at me treng åttande mars. Fordi det var tydelegvis eit problem å setje lys på kvinneundertrykking.

March 8, 2017
/

07032017: depression tuesday

Denne vekas “depression tuesday” mimrer tilbake til tenåra. Håper dei kan lette på humøret ♥

 

Gabrielle – 5 fine frøkner
Då eg var utvekslingsstudent i Australia hausten 2014, reiste eg saman med fire jenter. Me ville leve så billig som mogleg under opphaldet, men likevel ha god tilgang til strand, uteliv, trikk og butikkar. I fem månadar budde me i hjarta av Gold Coast, men leiligheita hadde berre to soverom. Så bra som me klikka saman, gjekk det heilt fint. I tillegg var husleiga akkurat det me ynskja: superbillig. “5 fine frøkner” høyrde me alltid på vorspiel.

 

 

The Naked And Famous – Punching In A Dream
Dei tre åra på vidaregåande. Saknar den tida då alle budde på éin stad, og det var liksom ikkje så mykje å bekymre seg for. Eller jo, det var for så vidt like mange bekymringar. Men dei var heilt annleis.

 

Ansiktet – Äckligt
Ungdomsforelskelse!

 

Trykk her for å abonnere på Spotify.

March 7, 2017
/

good morning, honey

Morgontimane er viktige for meg. Liker dei lange, rolege og mjuke. Det inneber to-tre koppar kaffi, radiolytting, blogglesing, kanskje litt God Morgen Norge på TV2 og ein god, mettande frokost. Pleier òg å løyse Rubiks Kube to gonger, og ta baklengs salto frå venstre sofahjørne – i berre undertøy – helst før fyrste kaffikopp. Hehehehe, neidå. Men fakta: kaster gjerne av meg dyna to timar før eg eigentleg bør av stad til jobb.

Må heller ikkje gløyme: å trykke på slumre-knappen på vekkerklokka er forbode. Er det ikkje betre med god søvn i tretti minutt, enn å ligge og høyre på vekkerklokka som ringer fem gonger i løpet av ein halvtime? For meg høyrest det berre ut som stress, stress og stress. Og jævlig irriterande.

Kva morgonrutinar gjer dagen dykkar bra?

March 6, 2017
/

march

Har akkurat opplevd mi fyrste edruhelg på seks månadar. Tulla. Seks veker, meinte eg. No har eg to nye fans: lommeboka og levra mi ♥ Dei treng nemleg å lade opp til mars. Fordi denne månaden har eg mykje kjekt å sjå fram til. Hipp, hipp, hurra!

 

Om få dagar skal eg lufte 20-årskrisa mi til Marita. Ho kjem nemleg heim att på besøk. Neste helg vert det ein tre-timars busstur til Sogndal. Skal sjekke ut livet under “Vekao”, og ikkje minst (!) på John Olav-konsert. Gler meg heilt vanvittig. Vert òg ein tur til hovudstaden i slutten av månaden. Der skal eg treffe venninner frå studenttida i Volda, drikke hipsterkaffi og danse ræva av meg ved midnatt. Kribler i magen. Har de nokre planar for månaden? Fortel meg noko interessant.

 

March 5, 2017
/

red is the new black

(Innlegget inneheld annonselenker)

BAG: Day Gweneth Bag / PHONE CASE: Richmond & Finch Marble / SWEAT: Vila Vimats Topred is the new black

BODY: NLY One Turtle Body / CLUTCH: Love Moschino / JACKET: Hilfiger Denim THDW
JACKET: Only Linea / BANDANA: NLY Accessories


Raudt er plutseleg ikkje berre “hot” i desember. No ser det ut til at dette – i tillegg til pastell – vert vårfargen i år. Kjekt med noko nytt. Denne fargen er jo berre sååå kul!

Den siste tida har eg våga meg på andre fargar enn grå, svart og kvit (fordi heilt ærleg; det ser ut som at eg skal i gravferd kvar dag, cirka). Tilbakemeldingane er i alle fall gode. Kanskje eg endar opp med å bli den fargeklatten. He-he, neidå. Raudt, rosa og blått er framleis litt uvant. Forresten; eg er nysgjerrig. Kva fargar gjer dykk komfortabel? 


Ps. Bomberjakka eg har på meg er kjøpt på Loven Amfi på Voss (er framleis i butikk – løp og kjøp). 

March 2, 2017
/

28022017: depression tuesday

Hei og hå, hvor det går. I dette innlegget blir det ny runde med musikk som gjer meg (og kanskje du?) glad. Kan òg muntre opp med å informere om at me går inn i ei ny årstid i morgon. Mars er som regel verken vinter eller vår, men ein kan trygge seg med at det ikkje lenger er februar. Knis.

 

Whales & This Lake – Sahara Blind
Melodiane minner meg om regnskogane i Australia. Dei var mystiske og nokre gonger mørke, men likevel eventyrlege. Under refrenget tenker ser eg for meg at eg hopper utfor eit lite fossefall, og føler på fridomen.

 

ZAYN, Taylor Swift – I Don’t Wanna Live Forever
Flashback til den ekstremt diskuterte filmen “Fifty Shades Of Grey”. Scena der Christian Grey og Anastasia Steele står på ein seglbåt (minna nesten om Rose og Jack i filmen “Titanic”). ZAYN og Taylor Swift gjorde augeblikket utruleg fint.

 

Veronica Maggio – Sergels torg
Får lyst å vakne av sollys, ta på meg ei gamal T-skjorte, smile litt og danse rundt i stova. Og høyre på denne songen, sjølvsagt. Mmm… Veronica Maggio, du är underbar.

 

Trykk her for å abonnere på Spotify.

February 28, 2017
/

(us)


Vinteren blei plutseleg litt lenger. Sjølv om me framleis er i februar-månad, hadde eg eit pittelite håp om at våren var like rundt hjørna. Det såg i alle fall sånn ut. Ei stund.

Men fuck it. Denne sundagen kjennast som Linnéa Myhres debutroman. Heilt evig. Har drukke fire koppar kaffi (kanskje fem?), samt ete pizzarester frå i går. Låtane til Anna Of The North kan eg plutseleg heilt utanåt, fordi musikken gjer meg lukkeleg.

Leave the bottle by the door
Take off all that you have on
We know what I came here for
In the morning, I’ll be gone

Seinare skal eg gje siste innspurt på helgekosen. Bollane venter på kjøkkenbenken, og i kjøleskapet står kremen. Fastelavn kjem til å gje meg mageknip, samt flotte tankar om blåmandagen. Håper de føler cirka det same, hehe ♥

February 26, 2017
/

happy but confused

Halla. Eg berre stiller meg inntil ein husvegg, og seier noko som: “Uøøøehhh, kan u ta bilde av meg til bloggæn elleøøøeh?!?” til bestevenninna mi. På det nedste biletet later eg som om at eg ikkje veit at ho tar bilete. Men lengst inne… så gøymer det seg ein heftig og planlagd posering. Sånn har det alltid vore, og sånn kjem “blogglyfe” alltid til å vere. Med mindre mine næraste starter å ta bilete utan eg er merksam på det. Hallo, det hadde jo ikkje vore så verst, hæ.

Tilbringer mesteparten av dagane på jobb. Det er uansett fint, fordi eg liker jobben min svært godt. Samtidig får eg tilsendt katalogar i postkassa. Dei får meg til å føle meg 19 år igjen. Det er jo kjekt, men samtidig ikkje. Katalogane skrik blant anna “Utanlands-studier”, “NTNU-livet”, “Student på Universitetet i Bergen” og “Westerdals”. Kva vil eg gjere for resten av livet mitt? Kva passer eg til å drive med, liksom? Skulle ynskje eg visste.

Blir heilt svimmel. Om ti år ler eg av meg sjølv.

February 23, 2017
/

21022017: depression tuesday

depression tuesday

Hei hei, alle saman. Denne tysdagen har vore overraskande god. Dagane er ikkje lenger så korte, og sola står opp tidlegare. Snart kan mange av oss spyle vinterdepresjonen ned i dass, og ynskje våren velkomen. Denne veka har eg lagt ved melodiar av Sondre Justad, Kaja Gunnufsen og Santigold. 2-1 til norsk musikk, hurra!

 

Sondre Justad – Riv i Hjertet
Denne songen minner meg om det gode studentmiljøet i Volda. Og spesielt festane i journalistikk-gjengen. Sjølv om det til tider var hardt å øve til eksamen, eller lage reportasjer til radiosendingane, gav me kvarandre støtte og motivasjon. Berre det å gå den korte avstanden frå høgskulen, og til nærbutikken for å kjøpe lunsj, var fin. Sjølv i slaps og regn. Samhaldet var fantastisk.

 

Kaja Gunnufsen – Høst feat. Handerre Linni)
Får meg til å drite i alle bekymringar. Gunnufsen er heilt fantastisk. Songtekstane (og spesielt denne) får meg til å le.

 

Santigold – Disparate Youth
Denne dama er feeeeeeeeet! Songen får meg til å ville køyre til langtvekistan, og gløyme alt av “to do’s”. Diverre er det ikkje så enkelt, men ein kan spele av låta, lukke augo og late som.

 

Trykk her for å abonnere på spelelista på Spotify. 

February 21, 2017
/

all the glitter

Det er alltid skikkeleg kos når den unge Oslo-dama, Marita, kjem heim. Då vert det liv (knis).

February 20, 2017
/